Bygdetun

Sirdal Fjellmuseum ligg på Kvæven i Sirdal, 5 km. nord for Sinnes og 40 km. nord for Tonstad på fylkesvegen gjennom dalen. Museet ligg vakkert til mellom vegen og elva Sira, ca. 570 m. over havet.

Museet har samla ca 10 eldre bygg frå stader i kommunen. Alle bygga er gjenreist slik dei eingong var. Mellom anna er det eit skulehus frå 1907, eit “ungdomshus” frå før krigen, eit våningshus der den eldste stova er frå 1770 åra, ei løe frå slutten av 1800 talet, to stølshus, ei smie og 2 utløer.

Det siste bygget som vart flytta hit er ei av dei særeigne Njardarheim hyttene som rikmannen Thorvald Heiberg sette opp i byrjinga på 1900 talet.

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>